Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

Min brudebukett

Eg har lyst å vise fram brudebuketten min!
I haust hadde me eit fantastisk slottsbryllup i Frankrike,
og brudebuketten måtte bestillast via mail.....
 Eg skreiv at eg hadde lyst på ein enkel bukett,
 med tradisjonell rund form i lyse og mjuke fargar.
Eg likar blomar som peonar, kala liljer, nellik, georginer, David Austin roser.


Når ein skal bestille blomar i frankrike, via mail, utan å kunne fransk så må ein berre forberede seg på at det kan bli missforståelsar, og eg bestemte meg for at det ikkje det ikkje skulle bety all verden korleis brudebuketten min såg ut.
(Berre den ikkje blir GUL så er det i orden tenkte eg. )
For å sikre meg litt googla eg etter bilder av bukettar eg kunne like,
og fallt for denne buketten som Love Peace Pionies har laga. 
 Så eg sendte ein kopi av bildet, og bilder av to andre bukettar eg likte.


Og slik vart resultatet; eg synest den vart heilt nydelig,
 sjølv om eg kan ane bittelitt gult i den.

1 kommentar:

  1. Ja den var heilt nydeleg...og det var du og!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...