AVSLUTTA
Hipp hurra!!!
Eg har fått heile 30 følgjarar og over 20.000 visningar her på FruLykle.
Tenk at ikkje bare vener og famile, men også heilt framand folk besøker bloggen min. Det er både stas og litt skummelt på same tid.
Så eg tenkte at eg skulle ha ein liten give-away for å vise at eg set pris på alle dykk som er innom, og alle fine kommentarar de legg igjen.
Her er premiane:
* telysestake med øyenstikker fra bloomingville*
* liten oppbevaringsveske (22x9,5cm) fra housedoctor*
For å vere med i trekninga må du legge igjen ein kommentar under dette innlegget.
*Du får 1 lodd for kommentar*
*2 ekstra lodd til gamle og nye følgjarar*
*Om du har blogg med synleg bloggliste får du 1 ekstra lodd for å legge FruLykle til i lista*
Så alså maks 4 lodd per person.
Lykke til!
og takk til alle som vil vere med :-)
eg trekker ein vinnar 31.August