Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

I ei korg på loftet

oppbevarar eg sengetøy
Her ein dag leita eg i kassar i kjellaren etter sengetøy i babystørrelse
Det viste seg at eg ikkje hadde tatt vare på så mykje,
eller så ligg det det ein plass det ikkje skal ligge...

så eg fann ut at eg ville bruke noko av det fine stoffet eg har liggande, og sy eit dynetrekk
Framsida skulle få bilar og baksida striper
Dynetrekk kan jo ikkje vere så vanskelig å sy tenkte eg....
Det var bare det at dyna måler 80*100 og då må jo nesten trekket måle det samme. 
Men stoff-bitane eg hadde valgt ut var vist ikkje heilt lange nok, 
så då måtte det improviserast litt, 
og det vart straks litt meir avansert og tidkrevande en eg hadde tenkt.
Resultatet vart nok ikkje heilt rettvinkla,
men eg er no fornøgd med innsatsen likevell.

Så no ligg det ei lita dyne på toppen av korga og bare ventar på
at det skal kome ein liten krabat å bruke den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...