Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

monster-mamma


Minstemann er halvt apekatt, og plutselig ein kveld fekk han skikkelig dreisen på å klatre ut av senga si. Han kom som eit lyn ut av rommet sitt, stolt og fornøgd med sine nye evner sprang han så fort han bare kunne, så lagt han rakk, før monster-mamma plukka han opp og bar han til sengs igjen. Og sån gjekk no timane og kveldane. Sjølv etter at me trudde han hadde sovna klarte han å kara seg over kanten på senga ein siste gong i håp om unnsleppe søvnen. Etter nokre kveldar med klatre-maraton tok monstermamma fram stoff og symaskin og sydde posepysj til apekatten. Sjølvsagt med små monster på stoffet. Så no er her ingen kveldsapekatt på rømmen lenger.  Berre ein liten pjokk som søv søtt i senga si seg igjen. Og ei monstermamma som synes det er fint med litt voksentid om kvelden.
Eg er ikkje så dreven med symaskina så det blir langt ifrå feilfritt, men heilt godt nok.
Eg brukte ei akkurat passe stor trøye som mal og skråa stoffet ut umtrent frå navlehøgde og ned i fotenden. pysjen er laga av eit heilt stykke stoff, slik at det ikkje er noko saum nederst.
Den eine pysjen har glidelås i sida, og den andre har glidelås midt framme.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...