Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

Godt År!

Nytt år, nye muligheter!
Eg har masse eg har lyst å gjere i året som kjem...
eg har ikkje lyst å kalle det nyttårsforsett,
føler at då er det dømt til å  skjere seg... 
men om eit år skal eg ta fram igjen denne lista og sjå korleis det gjekk

*eg vil gjennomføre (nokon av) dei mange kreative prosjekta som eg  går rundt med planar for i hovudet:
sy-, strikke-, hekle-, hus- og hage-prosjekt.*
*Eg vil servere dessert kvar dag  :)
for det er nemeleg svaret på eit langt ekteskap ifølge min bestefar som har 65års bryllaupsdag i år.
Fruktsalat til dømes er sundt og kjempegodt!
Og ellers prøve kutte ned på mat som igrunn bare fører til magevont i familien, chips skal byttast ut med grønnsaker og dipp! *
*Eg vil ta jegerprøven!*

eg skal gjere ferdig fotoalbuma for 2008... og 2009 ... og 2010!!!!*
*Eg bør og vil trene minst ein gong i veka. Det er så godt når det er gjort, det er berre så tung å komme inn i rette rytmen.*
*Eg håpar på ein lang og varm sommar, så eg kan reise på telt-tur i fjellet med min vesle familie. *

Dette bør då vere heilt overkommelig :)

2 kommentarer:

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...