Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

Ei diffus kjensle av lykke og barndom...

Det er sikkert halvt-anna år sidan me køyrde forbi brukthandlaren
der eg fekk auga koppane i utstillings-vindauga
Med det same eg såg dei fekk eg ei merkelig kjensle av at desse ville eg ha...
Nesten som om dei allerede "høyrde til meg"
Det var merkelig sidan eg ikkje var spesielt glad i verken gull, rosa eller pastellar
Eg ba mannen min om å stoppe ved første mulighet,
så hoppa eg ut av bilen sprang tilbake til butikken, 
(mest fordi eg veit at mannen ikkje likar å vente medan eg er i butikkar)
butikken var selfølgelig stengt....


Og sidan har eg gått rundt å ønska meg slike koppar i det stille

 

Det er rart korleis ein kan hugse ting utan å eigentleg hugse det
Etter å ha tenkt litt på kva som gjorde at eg syntes desse koppane var så fine
så dukka det opp eit vagt minne frå ein lukkeleg barndom;
Mamma arva slike koppar av bestemora si då me var små, 
Og eg må ha syntes dei var frykteleg fine (!) 
sidan denne følelsen sit so sterkt igjen endo.

  
mor sine koppar har knust og forsvunne for lenge sidan.
Så eg vart veldig glad då eg fekk to Figgjo-koppar i bursdagsgåve
frå søstrene mine i sist veke.

Tusen takk søte søstre!

2 kommentarer:

  1. Var det desse du hadde sitt på?? Var nokon andre typar koppar der og.
    Fine bilder :)

    SvarSlett
  2. ja det var det :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...