Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

bjørk eller gran til jul?

Nordsjø-Pappaen er på jobb
så eg og  gutungen må hente juletre i skogen heilt sjølv



Me finn fram sag og øks.
øksa som gutungen er heilt overbevist om at er for farleg for mamma
(alle tantene kan bruke den!
 og selfølgelig pappa, onkel og besten, 
igrunn alle bortsett frå han sjølv og mamma)
eg tek øksa med likevel,
det skal nok gå bra...


På veg inn i skogen går me forbi mange bjørketre,
gutungen peikar på dei og fortel at DER er juletreet vårt.
Men eg har sett meg ut ei gran på førehand, 
den ligg passe langt inn i skogen
passe langt frå vegen
og er passe stor


akkuratt passe stort til at ein stolt 2-åring kan dra det heim
og passe stort til den den vesle kjøkkenstova vår





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...