Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

Eit Levd Liv

No bur eg og den vesle familien min i ei gammal tømmer stove
kjøkken, spisebord og stove 
på knappe 20 kvadrat
innimellom kan det vere trangt
med to store og to små i stova

Då tenker eg på dei som har budd i denne og liknande stover før meg
gjerne to generasjonar ilag 
med ein skokk med ungar
utan badet, gangen og soveromma 
som har kome til i seinare tid

Då kjennest det ikkje så trangt likevel 
Og eg blir takknemlig,
 og kjenner meg privilegert
som om eit års tid 
kan flytte inn i eit nytt hus
med to stover
der døropningane er høgare en 175cm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...