Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

DIY betongplate



skulle ta eit kjapt bilde av plata, men eldstemann ville heller at me skulle bygge lego, så den har sneke seg med oppe til høgre :) 


I forrige innlegg om betongbenkeplata vår fekk eg nokre spørsmål som eg tenkte å svare på her.
Måla på benkeplata er ca 210x120cm, så vist me skulle kjøpe ei plate måtte den uansett spesialtilpassast. Mine kriterier for benkeplate var at den skulle vere enkel å halde rein, og tole varme panner, mannen sitt kriterier var som alltid at det "ikkje skulle koste skjorta". Når me då hadde brukt eliminasjons-metoden sto me igrunn igjen utan alternativ i vår prisklasse, og mannen foreslo at me kunne støype ei plate sjølv. easy-peasy ifølge han :)

Så her kjem ein sån ca gjennomgang av kva me gjorde. Me (dvs min gode mann) laga forskaling for benkeplata på plassen. Først ei sponplate som vart skrud fast på toppen av skroga. Har laga ei lita skisse istaden for å prøve å forklare. Pilene indikerer retningen plata vart skrudd fast ifrå.
Det skulle vere platetopp i eine hjørnet av øya så me måtte lage opning for den i forskalinga.
Me brukte litt diverse armering som me hadde til overs etter husbygginga.
Først la me eit lag med fibernetting i botten og fylte på med støyp
så la me i armeringsmatte, og armeringsjern rundt holet for platetoppen
fylte på med meir støyp og "jobba inn" eit lag til med fibernetting
og til slutt fylte me på med støyp opp til kanten og glatta det av så godt me kunne


so vattna me plata nokre dagar  før me reiv forskalingen
Mannen pussa plata med ein spesiell kopp på vinkelsliparen. ein ganske so støvete jobb...
me prøvde oss litt fram med behandling av benkeplata. var innom bivoks som ikkje var bra, men enda opp med å smøre på nokre lag med ein porefyller frå Steinfix.
Den gav betongen ei blank og glatt overflate som er enkel å halde rein, og betongen tek ikkje til seg farge og veske frå matsøl. Den er fargelaus og heilt rennande, og endrar ikkje farge på betongen.

Heilt easy-peasy var det vel ikkje, men me e super nøgd med resultatet!

fleire bilder av resultatet kan du sjå i DETTE inlegget

5 kommentarer:

  1. Jeg er like imponert over deres kreativitet!

    Takk for kommentar og tips inne hos meg

    Fin Søndag til deg

    -Klem Kjersti-

    SvarSlett
  2. Så kjekt å ha en slik handyman!! :) Plata ble virkelig flott! Det er artig å lage ting selv, det gir hjemmet et personlig preg!

    Ha en superduper kveld! Og hjertlig velkommen som følger!
    Klem fra Lite hi

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja ha handymannen er veldig god å ha! Og med ein læremester så har eg jo plukka opp eit og anna sjølv og etterkvart :-)

      Slett
  3. Hei, tenkte å forslå for samboeren å lage betongbenkeplate, og fikk øye på deres etter litt research. Jeg lurer på hvordan dere fikk den til å se så bra ut. Hvordan betong brukte dere? Du snakket om småstein, hvordan småstein brukte dere? Og blandet dere småsteinen rett i betongen?

    Håper på svar. Carl :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Carl
      beklager seint svar, du og samboeren din har sikkert funnet ut av det til no. Me brukte vanlig ferdig betong, og blandet litt ekstra sement i den. benkeplata er ikkje "perfekt" som en steinplate kjøpt hos forhandler, men vi er veldig fornøgd, men mye arbeid var det.

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...