Leikekjøkkenet som minsten skulle få til bursdagen er endeleg ferdig!
Både han og storesøster kosar seg med å koke graut, suppe og kaffi til oss.
Det kjekkaste av alt er vel flaskene med vatten.
Tømme i gryter og kar, og i vasken,
for så å fylle på flaska igjen,
ein evigvarande leik.
Kjøkkenet har Steikeomn med koketopp,
og vask med skap og hyller
eller som storesøster litt oppgitt forklarte det;
"årh pappa det er kjøleskap; for det er magnetar på døra, og då er det jo kjøleskap"
mitt oppi mine første kvalme gravidmånadar vart dette eit litt større prosjekt en eg hadde rekna med.
Eg har saga, fresa kantar og pussa
mala og olja
målt opp og merka
limt og skrudd saman
og VOILA til slutt vart det faktisk ferdig!
(litt skeivt her og der, og "vindauga" til steikeomnen har eg rota bort, men det bryr ikkje kokken seg om)
Så fint det blei! Eg e imponert :) Kjekt å ha deg tilbake i bloggverden :)
SvarSlettså flott kjøkken:)da såg veldig spennande ut å leika med!!
SvarSlett