Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

kortreist og økologisk

Eg har hausta den første salaten frå kjøkkenhagen vår! Så gøy at me fekk det til.
Me planta mange ulike salatsortar og alle spirer og gror :-) eg veit ikkje kva alle sortane heiter men det er vel ikkje så nøye så lenge det smakar godt, og det gjer det! 


[her er grønn salat med tomater, sesamfrø og cashewnøtter]
[og potetsalat med salat, pesto, soltørka tomater og fetaost]

Så no kryssar eg fingrane for at alle solene på langtidsvarselet kjem som lova, så me får grille og ete ute i dei nye hagemøblane våre.

Pink

Bare ei lita rosa mandagshelsing frå meg!
I går kokte eg rabarbrasaft.
Friskt og godt, og med ein aldeles herleg rosafarge. Trur det kan bli populært som saftis også,det skal eg prøve neste gong.
Ha ein fin mandag! 

Sjølvforsynt

Eg er så frekk at eg legg ut eit bilete av nokon andre sin kjøkkenhage! 
(Det er ikkje ein gong eg som har teke biletet...)


 Mi inspirasjonskjelde!
 Her gjekk eg på slang i fjord sommar, og heile barndommen. Seinast i dag var eg borte å grov opp ein halv rabarbraplante og tok med heim. For i år skal eg prøve å få til noko liknande sjølv! 

Tenk å kunne gå ut i hagen å plukke inn salat og grønsaker. Smaken av mat frå eigen hage kan ikkje samenliknast med noko anna. Fritt for kunstig gjødsel og sprøytemiddel. 
Eg er veldig spent på å sjå om dagens innsats i kjøkkenhagen min gjev like fine resultat som i denne!
(om ikkje  blir det slang i år og!)

:) 

eit StoreBrorRom

Eldstemann har fått ei ny hylle på rommet sitt
Ei hylle til å sette frå seg smålego
så høgt at ikkje vetlebror får tak i dei
for vetlebror berre øydelegg
Vetlebror syns det er kjempegøy å øydelegge faktisk
Så eg og storebror bygger smålego om kvelden etter at veslebror har lagt seg
mamma kan du legge veslebror no? spør han gjerne når han kjem heim ifrå barnehagen, 
då veit eg at han vil ha hjelp til å bygge med smålego
Eg synes smålego er kjempegøy
og er litt fornøgd med at det er eg og ikkje pappen som blir tilkalla når noko går sundt
for eg e vistnok BEST og kan fiksa ALT
yeeei :)

På rommet sitt har storebror sitt eige studio
I "kottet" me budde i under byggeperioden sto pianoet i stova
Da e for all del kjekt at småtassane utfølda seg musikalsk, 
da e berre da at detta pionoet kan spela diverse demolåter heilt på eigenhand også.
og da vart litt for mykje for denna mammo i ei lita stove
Så det var ein fryd å få flytta studioet inn på rommet hans i nya huset
No kan han skråla, synga og spela so høgt han berre klara
"uten mat og drikke duger helten ikke"
leikekjøkkenet var sjølvsagt med på flyttelasset
og her blir det fremdeles kokkelert mykje

tusen takk for alle fine ord i forrige innlegg! 
:)

julefettet frå i fjor


nokon har meir godt av julefettet en andre...


fettet som verken vart til delfiakake eller risbollar i fjor
egna seg godt som vinter-snacks til småfuglane i år

Blå Jul

Så fint å ha ei mormor
som har tid til å bake pepperkaker
med guten min
medan eg vaskar golv

Det blåe forkleet med blonde-blomar
hugsar eg godt frå då eg var lita 
Det er det mi mormor som har laga




(bildegalleriet er laga i picasa
HTML-styret prøver eg å sette meg inn i)

Sjokoladepavlova

Inspirert av av bilder og oppskrift i BoligDrøm
bestemte eg meg for å lage
sjokoladepavlova

Pavlova var enkelt og GØY å lage
Eggekrem og piska kremfløyte
 med deilige bær på toppen

Blåbær, bringebær og Kiwi 

mmm....SOMMAR!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...