Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!
Viser innlegg med etiketten lekekjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lekekjøkken. Vis alle innlegg

barn og vatten

For nokre år sidan snekra eg leikekjøkken til gutungen. Det hatt vore flittig i bruk sidan.
No var det på tide med ei lita oppgradering av kjøkkenet; nemleg innlagt vatten. Med ei manuell handpumpe frå biltema, litt slange og ei kanne med vatten inni skåpet så har lekekjøkkenet fått vatten i springen.
Småtassane er storfornøgd. Å suttle med vatten er noko av det kjekkaste som finst. 
(sølemengden er omtrent like stor som før når dei bar vatten i skytteltrafikk mellom bad og leikekjøkken)





Velkommen til alle nye følgere! Og takk til alle som legg igjen kommentar! 

Smil frå meg :-)

eit StoreBrorRom

Eldstemann har fått ei ny hylle på rommet sitt
Ei hylle til å sette frå seg smålego
så høgt at ikkje vetlebror får tak i dei
for vetlebror berre øydelegg
Vetlebror syns det er kjempegøy å øydelegge faktisk
Så eg og storebror bygger smålego om kvelden etter at veslebror har lagt seg
mamma kan du legge veslebror no? spør han gjerne når han kjem heim ifrå barnehagen, 
då veit eg at han vil ha hjelp til å bygge med smålego
Eg synes smålego er kjempegøy
og er litt fornøgd med at det er eg og ikkje pappen som blir tilkalla når noko går sundt
for eg e vistnok BEST og kan fiksa ALT
yeeei :)

På rommet sitt har storebror sitt eige studio
I "kottet" me budde i under byggeperioden sto pianoet i stova
Da e for all del kjekt at småtassane utfølda seg musikalsk, 
da e berre da at detta pionoet kan spela diverse demolåter heilt på eigenhand også.
og da vart litt for mykje for denna mammo i ei lita stove
Så det var ein fryd å få flytta studioet inn på rommet hans i nya huset
No kan han skråla, synga og spela so høgt han berre klara
"uten mat og drikke duger helten ikke"
leikekjøkkenet var sjølvsagt med på flyttelasset
og her blir det fremdeles kokkelert mykje

tusen takk for alle fine ord i forrige innlegg! 
:)

Lekekjøkken

Leikekjøkkenet som minsten skulle få til bursdagen er endeleg ferdig!
Både han og storesøster kosar seg med å koke graut, suppe og kaffi til oss.



Det kjekkaste av alt er vel flaskene med vatten. 
Tømme i gryter og kar, og i vasken, 
for så å fylle på flaska igjen, 
ein evigvarande leik.



Kjøkkenet har Steikeomn med koketopp, 
og vask med skap og hyller
eller som storesøster litt oppgitt forklarte det;
"årh pappa det er kjøleskap; for det er magnetar på døra, og då er det jo kjøleskap"
mitt oppi mine første kvalme gravidmånadar vart dette eit litt større prosjekt en eg hadde rekna med.
Eg har saga, fresa kantar og pussa
mala og olja
målt opp og merka 
limt og skrudd saman
og VOILA til slutt vart det faktisk ferdig!
(litt skeivt her og der, og "vindauga" til steikeomnen har eg rota bort, men det bryr ikkje kokken seg om)


 No er skåpa fyllt opp med matvarer, 
som nok blir godt mottat når kokken kjem heim igjen frå ferie.


Fine små skåler kjøpte eg for ingenting på den lokale gjenbruksbutikken

Prosjekt kjøkken

Eg har eit lite byggeprosjekt på gang
Eg skal lage eit lite leikekjøkken i bursdagsgåve til minstemann.
Eg har teikna og laga kappliste 
og snille mannen min kappa alle platene til meg
så no skal eg male og skru
Og vist kjøkkenet blir so bra som eg har tenkt at det skal bli
så skal eg vise resultatet også ;) 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...