Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!
Viser innlegg med etiketten heimelaga. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heimelaga. Vis alle innlegg

bar

Eg fekk eit spørsmål her inne for ei lita stund sidan om eg kunne vise litt fleire bilder av tønne-barskapet vårt.
Så her kjem eit lite bilderas og framgangsmåte for bartønna vår.

Me bora hol i stålbanda og skrudde dei fast, like før og etter der me ville lage døropning.
(i døra burde me nok ha festa kvart bord i bandet for etterkvart som tønna tørka så løsna borda ifrå kvarandre.)
så kappa me bandet med vinkelslipar og saga rundt døropningen


Hengsler frå IKEA

  i døra laga me til to hyller, ellers har me ikkje gjort noko innvendig. 

 utvendig er tønna behandla med fargelaus olje, medan den er beisa innvendig.

barn og vatten

For nokre år sidan snekra eg leikekjøkken til gutungen. Det hatt vore flittig i bruk sidan.
No var det på tide med ei lita oppgradering av kjøkkenet; nemleg innlagt vatten. Med ei manuell handpumpe frå biltema, litt slange og ei kanne med vatten inni skåpet så har lekekjøkkenet fått vatten i springen.
Småtassane er storfornøgd. Å suttle med vatten er noko av det kjekkaste som finst. 
(sølemengden er omtrent like stor som før når dei bar vatten i skytteltrafikk mellom bad og leikekjøkken)





Velkommen til alle nye følgere! Og takk til alle som legg igjen kommentar! 

Smil frå meg :-)

redesign: Leikekekoffert



Min gamle raude leikekoffert har fått eit nytt liv som nøkkelskap





dette var framgansmåte og utstyr eg brukte
#eg fann fram min gamle velbrukte leikekoffert
#laga ein papirmal for å skjere til ei sponplate som passa i botten av kofferten
#brukte eg den samme malen for å klippe til ein rest av tapeten frå guterommet og limte den på sponplata med tapetlim
# så bora eg små hol i sponplata og skrudde inn 6 vinkelskruer


Voila! nytt nøkkel-skap på ca 30 minuttar :)

Korleis oppbevarer du dine nøkklar?

Pink

Bare ei lita rosa mandagshelsing frå meg!
I går kokte eg rabarbrasaft.
Friskt og godt, og med ein aldeles herleg rosafarge. Trur det kan bli populært som saftis også,det skal eg prøve neste gong.
Ha ein fin mandag! 

Pepperbrød

Det vart dårleg med dansing på bordet i går :) derimot brukte eg kvelden på å bake brød.
Når eg sto der og hadde i ingrediensane tok eg pepparbøssa istaden for saltbøssa, 
Men det gjekk vist greit, brødet smaka godt likevel.
Ferskt heimelaga brød er aller best! (tilogmed med peppar i)
Eg pakka det berre inn i ein handduk når det var ferdig, så i dag hadde det herleg sprø skorpe :) 


Ha ein fin fridag! Eg skal på loftet og lekte tak no :)


Lykle Twisted Neck


oppskrift sjal
Finally I have translated the pattern for the english speaking visitors :)

 My grandma taught me an old Swedish knittingmethod which I used for `Lykle Twisted Neck`.
The neck is knit back and forth as a square. And then joined with a twist.

MATERIALS
4 skeins: Permin Safira or other Aran yarn of your choice.
Circular needles: 8mm/US11 and 6mm/US10
Tapestry needle or crochet hook

MEASUREMENTS:
Finished circumference: approx. 88cm
Length: approx. 38cm

ABBREVIATIONS:
SSP: slip stich purlwise
K2tog: knit 2 stiches together
YO: yarn over
K1: knit one stich

KNITTING INSTRUCTIONS:
The cast on is done in 4 rounds. In lack of a larger needle I used a double needle (8mm/ US11) for the first round. *always slip the first stich as if to purl, so that the work will have a nice chain-edge.*

ROW 1: Cast on 51 stiches
Switch to 6mm/US10 circular needle
ROW 2: slip the first stich as if to purl. // YO, K1. Repeat from //
ROW 3: slip the first stich as if to purl // SSP, YO, K1. Repeat from //
ROW 4: slip the first stich as if to purl // SSP, YO, K2tog. Repeat from //
Repeat ROW 4 until work measures 38cm or your desired length.

Cast of is done in two rounds
First round of cast of: slip the first stich as if to purl // SSP, K2tog. Repeat from //
Final cast of: cast of using your preferred method. Be sure to knit all stiches, and not to tight so that you will get a nice edge

You should now have a rectangular piece. Twist the work once and place the short sides of the work together. Join using your preferred method. I crocheted the sides together but I am sure there are better ways to do it.

Please let me know if you find any errors in the translation.
Good luck!

SSP: slip stich purlwise 
YO: yarn over

K2tog: knit 2 stitches together

for pictures of a triangular scarf using the same method press  HERE
for norwegian version of pattern press HERE


DIY sjal / hals *med oppskrift*

oppskrift sjal

For English version press HERE
Av Besto har eg lært ein gammalstrikkemetode som eg har brukt til å lage dette sjalet.
Metoden kalla ho " ta hank, lägga hank, sticka hank och maska"
Den opprinnelige oppskrifta var på Svensk så her blir det litt "Svorsk"

Garn og mengde: Permin Safira 4 hesper
Rundpinner: 8mm og 6mm
omkrets ca: 88cm
lengde: 38cm


legg opp 51 masker på dobbel 8mm pinne
*løft alltid første maske av, med tråden foran arbeidet, slik at det blir en pen kjede i kanten*.

bytt til 6mm rundpinne
1.omg: løft av første maske. // gjør et kast, strikk en rett maske. gjenta fra // ut omgangen
2.omg: løft av første maske. // løft av en maske. Gjør et kast. Strikk en rett maske (over forrige omgangs rette maske). Gjenta fra // ut omgangen.
3. omg: løft av første maske // Løft av en maske. Gjør et kast. Strikk sammen 2 masker (forrige omgangs rette maske og kast).  Gjenta fra // ut omgangen.
Gjenta omgang 3 til sjalet har ønsket lengde. Eg strikket til eg hadde brukt opp nesten 4 nøster, då målte sjalet 38cm.

Fell av i to omganger
1. omg: løft av første maske //strikk som vanlig uten å gjøre kast. dvs løft av en maske strikk to masker sammen. gjenta fra // ut omgangen
2.omg: fell av slik du pleier, pass på å strikke alle masker slik at kanten ikkje drar seg.
Fest kortsidene mot hverandre diagonalt slik at sjalet blir vridd. Eg hekla sidene sammen men bruk den metoden du synes er best :-)
"ta hank": før pinnen bakfra inn gjennom forrige omgangs kast og løft av masken 

"lägga hank": gjør et kast

"sticka hank och maska": strikk sammen to masker (forrige omgangs maske og kast)

Lykke til :-)
eit anna strikkaprosjekt i denne metoden kan du sjå HER



DIY - ny spisestove

Eg har eit prosjekt på gang som skulle vise seg å ta litt lenger tid en eg rekna med.
Me har kjøpt spisebord og stolar på den lokale bruktbutikken.
Trekket på stolane er tynnslitt og putene ganske so harde.
Så eg handla stoff og polstring og tok fatt på jobben
og så vart den eine stolen ståande slik i vekesvis
Med nytt trekk på puta, og det gamle rygg-trekket hegande halvegs fast i ryggen.
Men no har mannen handla stiftar til pistolen til meg.
Så då skal forhåpentligvis resten bli ferdig i ein fei


DIY - Påske-egg med barna

Årets heimelaga påskepynt her i huset

3-åringen vår mala pappegg med lim
eg klypper ei passe stor remse av ein påske-serviett
me klemmer den fast rundt egget
gutungen malar litt meir lim på 
sett til tørk og voila fin-fine påskeegg



God Påske


Påfugl tunika


Denne tunikaen strikka eg i julegåve til ei lita prinsesse eg kjenner
Oppskrifta er frå Sandnes Garn hefte 0910
og garnet er frå Radiant Yarnworks

Babystrikk


Maile Sweater

Eg har strikka ei lita jakke til magebuaren min
Det er første gong eg prøver meg på eit hull\flette-mønster
men det var veldig gøy å strikke
Str 3mnd

Oppskrifta fann eg på denne fine bloggen:

I ei korg på loftet

oppbevarar eg sengetøy
Her ein dag leita eg i kassar i kjellaren etter sengetøy i babystørrelse
Det viste seg at eg ikkje hadde tatt vare på så mykje,
eller så ligg det det ein plass det ikkje skal ligge...

så eg fann ut at eg ville bruke noko av det fine stoffet eg har liggande, og sy eit dynetrekk
Framsida skulle få bilar og baksida striper
Dynetrekk kan jo ikkje vere så vanskelig å sy tenkte eg....
Det var bare det at dyna måler 80*100 og då må jo nesten trekket måle det samme. 
Men stoff-bitane eg hadde valgt ut var vist ikkje heilt lange nok, 
så då måtte det improviserast litt, 
og det vart straks litt meir avansert og tidkrevande en eg hadde tenkt.
Resultatet vart nok ikkje heilt rettvinkla,
men eg er no fornøgd med innsatsen likevell.

Så no ligg det ei lita dyne på toppen av korga og bare ventar på
at det skal kome ein liten krabat å bruke den.

Havskum

Blogge-lyst og -kreativiteten har forsvunne litt for meg med graviditeten.
Men på strikke-fronten har eg vore ganske kreativ i det siste :)
Så eg tenkte eg kunne vise fram litt av prosjekta her

I dag vart eg ferdig med eit babypledd

Pleddet er strikka med 2-tråds garn frå nøstebarn
Rundt kansten strikka eg nokre rundar med restegarn i "påfugl-mønster"
Men eg synes igrunn det minnar meir om havskum en påfugl...

Lekekjøkken

Leikekjøkkenet som minsten skulle få til bursdagen er endeleg ferdig!
Både han og storesøster kosar seg med å koke graut, suppe og kaffi til oss.



Det kjekkaste av alt er vel flaskene med vatten. 
Tømme i gryter og kar, og i vasken, 
for så å fylle på flaska igjen, 
ein evigvarande leik.



Kjøkkenet har Steikeomn med koketopp, 
og vask med skap og hyller
eller som storesøster litt oppgitt forklarte det;
"årh pappa det er kjøleskap; for det er magnetar på døra, og då er det jo kjøleskap"
mitt oppi mine første kvalme gravidmånadar vart dette eit litt større prosjekt en eg hadde rekna med.
Eg har saga, fresa kantar og pussa
mala og olja
målt opp og merka 
limt og skrudd saman
og VOILA til slutt vart det faktisk ferdig!
(litt skeivt her og der, og "vindauga" til steikeomnen har eg rota bort, men det bryr ikkje kokken seg om)


 No er skåpa fyllt opp med matvarer, 
som nok blir godt mottat når kokken kjem heim igjen frå ferie.


Fine små skåler kjøpte eg for ingenting på den lokale gjenbruksbutikken

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...