Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

Eg kan trylle...

Det føles iallefall nesten slik når eg får låne strikkemaskina til mor mi.
Då legg eg opp masker skubbar att og fram nokre gongar;
og hokkus-pokkus, sim-sala-bim !
så har eg fine og gode heimestrikka ullbukser til guten min.
(Eg skulle berre ønske eg kunne trylleformelen for å få buksa til å sy seg saman og festa trådane sjølv også, for det synes eg er så ulidelig kjedeleg)


Eg likar godt å strikke for hand også,
men synes det er kjempegøy når det går så fort på maskin!
Her er dei to siste buksene eg strikka
Garnet kjøpte eg på Kvist og Kvast og er frå Du store alpakka

"Fin" 50 % silke og 50 % baby alpakka i grøn og multifarga

"Babysilk" 80 % babyalpakka og 20 % silke i petrolblått og multi-håndfarga



6 kommentarer:

  1. Er det den same, gamle strikke/tryllemaskina ho hadde då me var små? Den kunne eg tenkt meg å prøve ein gong! (Sidan eg verken har tålmod eller evner til å strikke for hand). Kan den lage bein til buksa òg? Då er den smartare enn meg...

    SvarSlett
  2. Hels Hege at ho gjerne må komma og få eit kurs på tryllemaskina!

    SvarSlett
  3. vist du meina "sokke-avsluttning" (?) som på ei sparkebukse så er det fullt mulig ja :) som du ser er det berre å melde seg på eit kurs :)

    SvarSlett
  4. Eg anar i grunnen ikkje kva eg meiner, for eg har aldri strikka noko anna enn firkanta ting:)Tryllemaskin-kurs høyres supert ut, men eg veit ikkje om du er klar over kva du begir deg ut på Gunvor! Det kan ta si tid å læra meg noko som helst om strikking! Men det hadde vert kjekt å prøva den ein gong. Om eg ein gong i framtida får behov for små, heimelaga ullbukser for eksempel:)

    SvarSlett
  5. Ingvild26.1.11

    Så koselig sida du hadde her Karna :) Her har eg lyst å kikka innom innimellom! :) Blei veldig imponert øve strikkebuksene du har laga. Isak har og ei sånn, knallgod! Den e og strikka på maskin og han har faktisk arva den etter meg..! hehe.. god kvalitet :)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for da :) veldig kjekt at du kikka innom til meg! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...