Velkommen skal du vera, legg igjen eit spor så finn eg vegen inn til deg!

bruktduellen

Me har ikkje så mange bruktkjøp her i huset. Møblane har me arva, kjøpt nytt eller aller helst laga sjølv. Men når me flytta inn i nytt hus hadde me lyst på eit langbord istedenfor det store firkanta bordet me laga i forrige spisestove. Me tenkte me først skulle prøve lykken på den lokale bruktbutikken. Eg kikka på eit spinkelt 70 talls bord, medan mannen meinte me skulle ha dette. Eg syntes det var eit litt "tungt" møbel men lot meg overtale og er glad for det. Stoltrekkea er slitt og må skiftast.  Work in progress, ting tar tid... Eg har skifta stoltrekk på ein stol, ein anna står ribba og klar til å få nytt.
Så skulle eg prøve å ta nokre bilder av stolen som har blitt ny, og nokre fine gamle koppar.
Å stable koppane oppå stolen høyrdes eit øyeblikk ut som ein god idè. Og det gjekk slik det måtte gå; eg er ein kopp fattigare og utan blinkskudd av herligheten :)


mitt bidrag til bruktduellen på NIB

2 kommentarer:

  1. Hihi, uffdå! Så fin bloggen var blitt no :) stolane blir kjempefine!

    SvarSlett
  2. Takk for da, måtte endre litt på bloggen for å få vekk rammer rundt bildene. Kjekt med litt fornying innimellom :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen nokre ord til meg :) eg måtte dessverre stenge for anonyme komentarar då det kom mykje spam-komentarar.
Nyt dagen :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...