Eg har tegna og tegna og tegna på ulike kjøkkenløysingar... no TRUR eg at eg nermar meg målet.
det bli kjøkkenøy med koketopp på
Platetoppen er allerede bestilt, den er 90cm brei.
kokeøya er 100*200cm. Men eg finn ikkje heilt ut kvar på øya platetoppen skal plasserast.
plassering av vasken er "låst" til under vindauget ein stad på vestveggen. oppvaskmaskin enten til høgre eller venstre for vasken. veit ikkje kva som er mest praktisk?
Kjøleskapet er ca 180 høgt, og det har eg prioritert å plassere så nær kjøkkenbordet som mogleg. (heilt til høgre i bildet)
skåpa i nord er høgskåp med skyvedørar (og skuffer\hyller)
kjøkkenet skal både fungere godt når eg kokar aleine og når me er fleir ilag.
Alt 1. platetopp på venstre side av øya
den beste "jobbe aleine løysinga"??
+ god arbeidssone med platetopp nær vasken
-platetopp nær oppvaskmasin, vil det bli mykje "knuffing" her?
Alt 2. platetopp på høgre side av øya
den beste "fleir på kjøkkenet" løysinga????
- tungvindt å gå rundt øye for å fylle vatten i grytene
+ ingen kresj med open oppvaskmaskin
kom gjerne med innspel :)
Eg ville plassert oppvaskemaskina mellom vasken og spisebordet, då kjem den ikkje i konflikt med høgskapo. Platetoppen ville eg hatt på kortsida av øya, mot høgskapo.
SvarSletttakk Anna :) eg var vist ikkje så nerme mål som eg trudde eit øyeblikk ;) du får kome ein tur å tegne med meg ;)
SlettDa kan eg ;)
Slett